Author Archives: Geir André Halle
Lilyhammer
For nokre veker sidan byrja NRK forteljinga om New York-mafiosoen Frank Tagliano, tolka av Steven Van Zandt, som enda opp i Lillehammer under vitnebeskyttelse. Men handlar serien eigentleg om å starte med reine ark og verte den nye lokale gudfaren? Continue reading
Dei små øyeblikka
Enkelte vil nok kunne påstå at det var litt kaldt denne morgonen, der eg stod og venta på ei drosje som var litt sein. Lufta var tørr og frisk, og i det fjerne kunne raude skyer hinte til at sola låg og lurte på å kome på besøk i løpet av dagen. Medan blikket var retta i sydaustleg retning, blei merksemda brått flytta over til lyden av eit lite dyr som var i bevegelse bak meg. Lyden kom stadig nærare, og fort! Her har vi truleg ein hund som har personlege problem med teddyfora vinterjakker… Continue reading
Utvalde favorittvideoar
Gamle favorittar frå Youtube har no fått si eiga side på http://www.halle.co/klipp/ der nye favorittar vert lagt til fortløpande.
Halle.co, meir enn berre ei webside
Allmenne tenestetilbod frå Halle.co Maskinvare sentralt plassert i Nederland har gjort det mogleg å tilby diverse tenester for spesielt interesserte. No i starten er fylgjande tenester opne for trafikk: irc.halle.co – Internet Relay Chat (Tekstbasert chatting) mc.halle.co – Minecraft Beta (Javaspel i 3D med monster og byggeklossar) ts.halle.co – TeamSpeak v3 (Gruppebasert IP-telefoni)
Halle & Co
Halle & Co er med dette tilgjengeleg på http://www.halle.co/ for tilfeldig forbipasserande. Du kan enkelt logge inn på sida her ved hjelp av til dømes Facebook.




